> Hjem / NYHETER / Marianne Eika disputerte torsdag...



Marianne Eika disputerte torsdag 23.februar 2017 ved NTNU i Trondheim.

Tema for doktorgradsarbeidet var: «The transition of older residents into long-term care placement in rural Norway: the perspectives of next of kin and staff.

Eldre i overgang til langtidsplass i sjukeheim er sårbare og skrøpelege. Ein kan anta at det som skjer i tidleg overgang til langtidsplass har konsekvensar for det vidare forløpet. Den overordna hensikta med dette doktorgradsarbeidet var å undersøke og beskrive eldre pasientar sin overgang til langtidsplass i sjukeheim frå ulike perspektiv for å oppretthalde og auke deira helse og velvære, og for å informere og betre praksis.

Avhandlinga viser at det som skjedde før innlegging til langtidsplass og det som skjedde den fyrste veka etter innlegging påverka erfaringane til pårørande og samhandling innad i familien. Dessutan påverka det pleiepersonalet sine handlingar og samhandlingar, som igjen influerte på den eldre pasienten og deira pårørande sin overgang.

Funna viser at pårørande og pleiarar treng støtte, informasjon og å avklare roller seg imellom for å oppretthalde helse og velvære hjå den gamle pasienten og deira pårørande. Avhandlinga viser også at det må fokuserast på korleis makt spelast ut mellom pleiarane. Avhandlinga syner paradoksale praksisar og noko av dialektikken og samanhengar mellom inter-organisasjonsnivå, organisasjonsnivå, inter-profesjonsnivå, profesjonsnivå og personleg nivå, i tillegg til kontekst og omstende til ein kvar tid. Funna viser kor viktig det er å involvere alle pleiarar, også dei deltidstilsette vikarane, til det beste for pasientane og pårørande.

 For mere informasjon om arbeidet, kontakt marianne.eika@usn.no


Universitetet i Agder
Fakultet for helse- og idrettsvitenskap
Postboks 5094898 Grimstad
Besøksadresse: Jon Lilletuns vei 9
4879 Grimstad
Telefon: 37 23 30 00
Fax: 38 14 10 01
 
   

Høgskolen i Sørøst-Norge
Avd. for helse- og sosialfag
Besøksadresse
Kjølnes ring 56
Porsgrunn

Postadresse
Høgskolen i Sørøst-Norge
Postboks 235
3603 Kongsberg

   
   
   
   

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.